CROSSFIT KIDS
CrossFit Kids er eit tilbod for barn i alderen 3-12 år. CrossFit Kids gir barna ein introduksjon og tilnærming til CrossFit gjennom leik og trening. Her blir barna utfordra i motoriske ferdigheter for å utvikle smidighet, koordinasjon, balanse, fart, fleksibilitet og styrke.
Vårt mål er at barna skal ha det kjekt ilag samtidig som ein blir utfordra på bevegelse, teamarbeid og oppbygging av sjølvtillit. I kvar treningsøkt vil ungane trene på funksjonelle bevegelsar, dette er grunnleggande øvelsar som barna gjer i det daglegdagse. Det inkluderar bevegelsar som å trekke, skyve, springe, kaste, klatre, løfte og hoppe - dette vil auke både styrke, utholdenheit og fleksibilitet. Den allsidige treninga er blant anna med på å forebygge eventuelle belastningsskader fra evt annan aktivitet og er derfor eit ideelt supplement til enten barn som er stillesittande eller barn som er i full aktivitet.
Våre coachar er sertifiserte gjennom CrossFit Inc. og er kursa spesielt for CrossFit Kids
Treningstider: Kvar torsdag
3-4 år kl 16:30-17:00
Siste år i barnehage + 1.-3.klasse kl 17:05 til 17:50
4.klasse og ut 7.klasse kl 18:00 til 18:45
Fast Pris 399,- i mnd. (349,- for den minste gruppa).
Medlemskapet har ingen bindingstid, men vil automatisk bli fornya til ein ny mnd. Om ein vil avslutte medlemskapet sender ein mail til post@crossfitvolda.no, seinast 5 dager før fornying. I sommarferien blir alle medlemskap avslutta. Dei som er medlem hos oss før sommarferien vil få tilbud om å fortsette på CrossFit Kids før vi legg ut nye plassar i gruppene.
10 plassar i kvar gruppe.
OBS: Vi følg skuleruta: ingen trening i feriar eller helligdagar
Første trening etter skuleferien: torsdag 22. august
TA KONTAKT PÅ MAIL: post@crossfitvolda.no ved spørsmål.
*5-8 år er fullt, ta kontakt for meir info.
*8-12 år er fullt, ta kontakt for meir info.