1. Forpliktelser

 

1. CrossFit Volda leverer WOD fellestimar og kurs som er annonsert på heimesida og i bookingsystemet.

1.2 CrossFit Volda pliktar seg til å ha ein registrert status som offisiell CrossFit Affiliated til ei kvar tid.

1.3 CrossFit Volda pliktar å gi medlemmene tilgang til lokala innanfor anviste opningstider (WOD timar og kurs).

1.4 Unntak gjeld dersom det gjeld sjukdom eller andre uoverkommelege hindringar og/ eller anna diverse som er utanfor CrossFit Volda sin kontroll.

2. Betalinger

 

2.1 Betaling trekkast automatisk kvar månad frå registrert kort - Ubetalt treningsavgift blir fakturert.

2.2 Ved manglande betaling av faktura blir saka sendt vidare til inkasso.

2.3 Medlemmer må sjølv sørgje for at riktig kort er registrert og at det er dekning på konto.

2.4 Betalingsperiode kvar månad er dagen som medlemskapet var teikna.
F.eks. dersom medlemskap var teikna 12. feb vil neste trekk skje 12. Mars.

2.5 Betaling for medlemskap og kurs må gjerast før vedkomande kan starte trening/ kurs.

2.6 Ved gjentekne ubetalte krav føreheld CrossFit Volda seg retten til å stenge vedkomande sitt medlemskap og fakturere resterande treningsavgift.

2.7 6.1 Booking av kurs og anna diverse via bookingsystemet er bindande.

3. Medlemskap

 

3.1 Medlemskapet inkluderer tilgang til alle WOD fellestimar som er annonsert på heimesida eller via bookingsystemet til ei kvar tid.

3.2 Bestillingar av medlemskap og kurs gjerast via bookingsystem på CrossFit Volda si heimeside eller app.

3.3 CrossFit Volda kan utan forvarsel seie opp eit medlemskap i tilfelle det er brot på medlemsvilkåra.

3.4 Medlemmer har ikkje lov til å ta med seg andre på trening eller gi tilgang til andre som ikkje er registrerte medlemmer – Unntak berre dersom det finnast skriftleg godkjenning frå CrossFit Volda, f.eks. når det gjeld ein prøvetime.

3.5 CrossFit Volda reserverer seg retten til å endre prisar. Medlemmer vil få forvarsel om dette på epost, medlemsside og/ eller SMS.

3.6 Det er 16-års aldersgrense i CrossFit Volda. Dersom eit medlem er under aldersgrensa vil medlemskapet avsluttast umiddelbart, og ikkje refunderast.

3.7 På medlemskap for studentar må vedkomande medlem framskaffe og sende gyldig studentbevis straks etter innmelding. For kvart år må vedkomande også vise beviset ved årleg fornying. 

4. Oppsigelse av medlemskap

 

4.1 Frysing av medlemskap vil generelt ikkje vere tilbydd.

4.2 Medlemskap med binding kan ikkje seiast opp før bindingstida er over.

4.3 Eit medlemskap med binding må seiast opp innan ei veke før medlemskapet tek slutt – elles vil nytt medlemskap med same binding automatisk fornyast. 

4.4 Ved byting av medlemskap gjeld oppseiingsvilkåra til det tidlegare medlemskapet, før det nye blir oppretta.

4.5 Eit løpande medlemskap (1 månad) må seiast opp innan ei veke før medlemskapet tek slutt (DVS ei veke før neste betalingsdato).

4.6 CrossFit Volda tilbyr ikkje tilbakebetaling for sjukefråvær som oppstår på grunn av sjukdom. I spesielle tilfelle, dersom det finnast skriftleg treningsforbod frå lege som varer lenger enn tre veker, kan medlemskapet utsettast – I så fall vil utsetting gjelde frå når CrossFit Volda får tilsendt nødvendige opplysingar og dokumentasjon - Dette har ikkje tilbakeverkande kraft.

5. Annet

 

5.1 All trening skjer på eige ansvar (sjå fråskriving).

5.2 CrossFit Volda er ikkje ansvarleg av skader på personar eller gjenstandar, som oppstår under eller som følgje av opphald i treningssenteret. Dette gjeld også tap av verdisaker som måtte bli borte.

5.3 Medlem som har med seg barn på trening, har eige ansvar over sikkerhet til barnet under opphaldet – Vedkomande må sørgje for at barnet ikkje påverkar trening og/ eller forstyrrar andre. 

5.4 Medlemmet gir samtykke for at CrossFit Volda kan ta regelmessige bileter av treningsøkter og medlemmer i sosiale samanhengar, og som blant anna vil bli brukt til innlegg på sosiale media og marknadsføring på nett. 

5.5 Medlemmen pliktar seg til å møte opp til timar som vedkomande har meldt seg på. Time kan avbestillast i bookingsystemet opp til 2 timer før timen. Dersom medlem ikkje kansellerer innanfor fristen, eller ikkje møter opp, vil det medføre eit gebyr. 

6. Kurs

 

6.1 Booking av kurs og andre ting via bookingsystemet er bindande.

6.2 Alle nybegynnarar må ta nybegynnarkurs der dei lærer grunnleggjande øvelsar og teknikk i CrossFit. 


Unntak kan bli gjort dersom medlem kan dokumentere at han/ ho har teke liknande kurs eller har relevant erfaring frå anna CrossFit-treningssenter.

7. Fraskrivelse

 

Vi vil gjere alt vi kan for at du skal kunne trene skadefritt hos oss, og vi er sikre på at du vil ha stor og ikkje minst god effekt av å trene hos oss. Med vore flinke trenarar er du i gode hender.

7.1 Det er viktig å forstå at all trening i CrossFit Volda skjer på EIGE ansvar og du er sjølv ansvarleg for å sørgje for at du er i helsemessig stand til å gjennomføre treninga.

7.2 CrossFit Volda tek ikkje ansvar for personskader på medlemmer som følgje av ulukker, handlingar frå andre besøkande, eller mangelfulle handlingar som skjer i CrossFit Volda’s leiing. Fråskriving av ansvar gjeld også tidligare tilsette, representantar og liknande.

7.3 Vi anbefaler at alle dei som er usikre diskuterer med ein lege først før dei begynner å trene hos oss, og dersom du har nokon kjende skader eller andre helsemessige problem, er du nøydd til å gjere oss spesielt merksam på det.

7.4 Dersom du er gravid og/ eller ammar må du melde frå til oss.

7.5 CrossFit Volda kan til ei kvar tid krevje legeerklæring frå medlemmer dersom det er sannsynleg at trening kan medføre skade på vedkomande medlem.

8. Bekreftelse

 

8.1 Medlemmen bekreftar med dette å ha lest og forstått denne avtalen. 

8.2 Medlemmen bekreftar at han/ hun er i god nok fysisk og psykisk form til å drive med aktivitetane og treninga som utførast i CrossFit Volda.

8.3 Medlemmen forpliktar seg til å seie i frå skriftleg til CrossFit Volda om vedkomande ikkje lenger skulle vere skikka til å delta på aktivitetar/ trening.

8.4 Medlemmen bekreftar at han/ hun er 16 år eller eldre.